Steinar Karlsen solo

Framsyningar
Henter programmet
Velkomen til ei reise inn i Karlsens stemningsfulle univers.
Dørene opnar kl 19:00, konsert frå kl. 20:00.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Steinar Karlsen er kanskje mest kjend frå Good Time Charlie, men debuterte med sitt første soloalbum i 2011. Han har sidan då hausta åtgaum for sin instrumentalmusikk som strekker seg frå rock og blues til stemningsfulle gitartonar inspirert av folkemusikk og klassisk.
I 2020 omtala det amerikanske magasinet Vintage Guitar Karlsen som "assuredly one of the brightest lights in the world of instrumentals."
Hausten 2024 gav Karlsen ut sitt åttande soloalbum "Doggerland", som er eit musikkverk om dette landet som ein gang låg der nordsjøen ligg i dag. Det kritikarrosa albumet markerar ei spanande utforsking av nye musikalske verkemiddel. Akkurat som god filmmusikk, manar låtane fram bilete av det mystiske Doggerland. I det blåe mørkeret finst også lyse stemningar, malt med gitaren som pensel. Med hint til blues og jazz, folkemusikk og klassisk, skaper Karlsen sin særeigne musikalske palett.
Gjer deg klar for ei musikalsk reise inn i Karlsens stemningsfulle univers.
Steinar Karlsen: gitar, pedal steel og synth
Høyr "Nova" live her: https://youtu.be/LbnIXzMyvBU
«Doggerland gjev alt ein ny dimensjon» - Martin Malkenes, Firdaposten
"Melodisk og harmonisk elegant. ... Steinar Karlsen fortener eit større publikum" - Lars Mossefinn, saltpeanuts.eu
«Melodiske stemninger der instrumentene høres ut som ordløs sang ... Uendelig vakkert» - Øyvind Pharo, bluesnews.no
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Fredag 12. september. Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00. Dørene stenger kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 299,-
Student: kr 249,-
Ledsager (følgjekort): kr 0,- Hugs at den som har følgjekort skal kjøpe ordinær billett.
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)