Real Ones releasekonsert

Framsyningar
Henter programmet
Real Ones er tilbake med ny plate og lang Noregsturné hausten 2025!
NB! Dørene opnar kl. 19:00 - konsert frå kl. 20:00.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
26. september slepp Real Ones plata "So Say All of Us" og legg ut på turné over heile landet med over 20 konsertar.
"Plata er spelt inn i Hollywood og på Hardangervidda", fortel vokalist David Vogt. "Vi var så heldige å få til ei vekes studiosession i Electrosound Studio i Hollywood, California. Deretter heldt vi fram innspelinga i ei hytte på Hardangervidda, med Matias Tellez som produsent. No gler vi oss til å vise fram låtene i liveversjon på ein lang og god releaseturné til hausten".
Gjennom smått utrulege 31 år har Real Ones bygd opp eit rykte som eit fantastisk liveband og som eit av dei mest originale banda i Noreg. Dei byrja å spele saman allereie på ungdomsskulen. Tretten album, fire EP-ar, to Spellemannprisar og meir enn 1000 konsertar i 15 land på tre kontinent seinare, er dei fem barndomsvenene klare for nye eventyr. Real Ones møter smilande publikum kvar dei enn spelar. Frå Svalbard til Yukon, frå Shanghai til Mumbai, frå Havanna til New York – dei held fram med å spreie glede med sin sommarlege folkrock uansett kvar dei opptrer.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Torsdag 6. november. Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00. Dørene stenger kl. 22:30.
Billettpris: kr 320,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
5 for 4! Dette er ein av 7 konsertar som har 5 for 4 rabatt. Gå på 4 konsertar og få nummer 5 gratis. Du får rabattkortet i baren når du går på konsert.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.