Riksteatret: Skorpionens spill - i skyggen av Roblox

Bilde for Riksteatret: Skorpionens spill - i skyggen av Roblox

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.

Bli med på ei actionfylt familieframsyning der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna.

Riksteatrets kritikarroste framsyning «Skorpionens spill – i skyggen av Roblox» passar for deg som likar å game og alle som ønsker seg ein kveld der vaksne og barn kan gjere noko gøy saman!

«Underholdende og smart (..) her får barn og foreldre garantert mye å snakke om»
Dagsavisen (terningkast 5)

«Gøy med gaming på teater»
Aftenposten (terningkast 6)

«Yii-haa! (…) Ein visuell cowboy-fest»
NRK

Gaia er skulens beste på å lage spel i Roblox. Sjølvsikre og overbevisande Axel inviterer henne med i eit Roblox-prosjekt som skal gjere dei rike. Etter press frå bestevennen tar ho sjansen. Men det som startar som ein kreativ draum, utviklar seg raskt til eit giftig samarbeid der ho mistar både kontroll og sjølvtillit. Korleis kan ho ta tilbake kontrollen før det er for seint?

Etter suksessen med «Det mørke fortet – et Minecraft-eventyr», lagar Riksteatret ei heilt ny framsyning der handlinga foregår i Roblox. På kvar av dei 50 stadane som får besøk, medverkar seks lokale barn og ungdom som såkalla skodegamerar, der dei spelar Roblox live på scenen.


Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Framsyninga er laga for dei litt større barna. Passar ikkje for barn under 6 år.

Med Mie Korsbakken Christensen, Tevje Espeland, Albertine Lundgren, Tom Styve og Mie Omholt. Regissør og dramatikar: Frode Gjerløw. Dramatikar: Håkon Dalsbø. Dramaturg: Mariken Lauvstad. Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington. Komponist: Raymond Enoksen. Lyddesignar: Morten Haug Serigstad. Lysdesignar: Martin Myrvold. Videodesignar: Thomas Gallagher. Spelutviklar Shyfoox AS: Nora Helen Engelsvold. Produsent: Bastian Stabell. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen.

Ansvarsfråskriving:

Denne teaterframsyninga er ein uavhengig produksjon og er verken godkjent, sponsa eller tilknytta Roblox Corporation. "Roblox" er eit registrert varemerke tilhøyrande Roblox Corporation, og all omtale av dette merket skjer berre i dramaturgisk, kritisk eller analytisk hensikt.

Innhaldet i framsyninga reflekterer manusforfattarane sine eigne meiningar og undersøkingar og er ikkje uttrykk for synspunkta til Roblox Corporation eller nokre av deira tilknytta selskapa. Alle referansar til Roblox eller relaterte produkt vert gjort innanfor ramma av legitim ytringsfriheit og rimeleg bruk ("fair use").

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Onsdag 18. mars kl. 18:00.
Varigheit: 2 timar (inkludert pause).
Billettprisar:
Ordinær (barn, vaksen, pensjonist, student): kr 310,-
Samarbeidspartnere: kr 252,-
Venne-/Familiepris (minst 4 stk): kr 252,- per stk.
Coop-medlem: kr 251,-
Scenekort (må vise medlemsbevis i døra): kr 251,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)