Odd Nordstoga - Spelemann

Bilde for Odd Nordstoga - Spelemann

Framsyningar

Henter programmet

Spelemann Odd Nordstoga er attende.

Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Etter to år «Langt heimafrå» med Ingebjørg Bratland og med den ganske så ferske boka Spelemann i bakspegelen er Odd Nordstoga attende på scena for ein soloturné i 2025.

Boka Spelemann, som kom ut til strålande kritikkar i haust, tok for seg det som har forma musikaren Odd og songane hans. På denne konserten er det songane sjølv som skal få merksemda. Nye og gamle, melankolske og glade. Men ei og anna historie fra boka kjem også til å få vera med å setje farge på kvelden. Odd Nordstoga, aleine på scena med trekkspelet, gitaren og sine musikalske forteljingar. Vel møtt!

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: torsdag 18. september, kl. 18:30.
Varigheit: ca 75-90 minutt.
Billettpris: kr 495,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.