Pippi feirer jul

Framsyningar
Henter programmet
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Pippi Langstrømpe tek turen til Sogndal!
Knallsuksessen frå Chat Noir i Oslo legger ut på ein etterlengta Norgesturné!
Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusemynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller ganske enkelt Pippi, er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feira jul aleine?
Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Men Pippi vil ikkje på noko barneheim. Ho føler seg slett ikkje einsam. Ho har jo både Herr Nilsson, apen sin, og Lille Gubben, hesten, og sanneleg har det ikkje flytta inn ein ny liten venn i veggen hennas. Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøva å stela litt julepengar og det er alltid morosamt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må jo feire jula heime, men dei vil gjerne vera saman med Pippi også. Kanskje dei har ein plan?
En ting er sikkert: Det skjer både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feira jul.
Passar for barn frå 4 år og oppover.
Regi: Bjørn Sæter
Scenografi: Per Olav Austdahl
Kostymer: Marianne Forsberg
Musikalsk arr: Arve Furset/Marius Podolski
Produsent: Victoria Productions AS
Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 27. november
Tid: Kl. 18:00
Varigheit: Ca. 1 time.
Billettpris: Kr. 300,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.