"Magic Maze" m/ Marie - SognaCon 2025

Bilde for"Magic Maze" m/ Marie - SognaCon 2025

Framsyningar

Henter programmet

Kom og lær/spel "Magic Maze". Marie ynskjer nybyrjarar og erfarne velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om Magic Maze:
Etter å ha blitt loppa for alle sine eigedelar må ein trollmann, ein barbar, ein alv og ein dverg plyndre butikkane på det lokale kjøpesenteret for å ha utstyret klart til det neste eventyret sitt. Dette er utgangspunktet for dette enkle, morosame og originale samarbeidsspelet. Kåra til årets spel i Tyskland i 2018!

DU BLIR EIN AV 5 SPELARAR som Marie lærer opp og spelar med.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl. 18:00-18:45.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!