3D-printing med ViteMeir - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Bli med ViteMeir og utforsk enkel 3D-printing!
Dei har med seg både 3D-printarar og PC-ar, så her kan du designe noko heilt frå botn av eller gi ein eksisterande modell ein liten "glow-up". Har du alltid drøymt om ein Charmander med hatt? Kanskje ein mini-robot som nikkar bekreftende til alle dine idéar? ViteMeir har begrensa med plassar, men viss ein printar står ledig, kan dei køyre i gang noko smått til deg.
Stad: Blaoboxen (stand-området), Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars stand frå kl 10:00-19:00, med 3D-printing kl 10:30-11:00 og 14:00-14:300 (resten av tida må printarane få jobbe).
Gratis.