Næringsliv Forum 2025

Bilde for Næringsliv Forum 2025

Framsyningar

Henter programmet

Korleis vil teknologi, automatisering og økonomisk berekraft forme jobbmoglegheitane i Noreg? Bli med på eit spennande arrangement der vi dukker inn i framtidas jobbmarknad og kva den konstante utviklinga betyr for akkurat deg. Med mange dyktige føredragshaldarar skal vi saman få svar på kva moglegheiter du har som student og korleis førebu deg best mogleg!

Det er tilrettelagt lunsj i Blaoboxen med mingling der bedrifter og studentar kan knyte verdifulle band. Ein arena der det lokale arbeidsmarknaden vert kjend med lokale studentar og skaper framtidige moglegheiter!

Arrangementet er perfekt for deg enten du er student, arbeidsøkar, bedrift eller gründar! Sikre deg ein plass og bli med i samtalen om korleis me skaper eit innovativt og berekraftig arbeidsliv!!

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Fredag 14. mars kl. 10:30-15:00.
Billettprisar:
Medlem: kr 50,-
Student/elev: kr 100,-
Ordinær: kr 500,-
Rabatt bedrifter: kr 300,- (krev kodeord)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)