"Dataspelutvikling" m/ Filiokus Game Studio - SognaCon 2025

Bilde for "Dataspelutvikling" m/ Filiokus Game Studio - SognaCon 2025

Framsyningar

Henter programmet


Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om Filiokus Game Studio og føredraget:
Dette norske selskapet Filiokus lagar dataspel særleg retta mot læring av mattematikk, og har blitt nominerte til fleire prisar. Den siste tida har dei jobba dag og natt for å vise oss sitt aller nyaste spel "Talystro" for første gong på SognaCon.

Martin Lothe Sæterdal kjem og held eit foredrag om arbeidet og prosessen med å lage Talystro og dataspel generelt.
Du kan også møte Filiokus på stand.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 17:00-17:45.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.

Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!