"E-sport og Metizport" føredrag m/ Metizport - SognaCon 2025

Bilde for "E-sport og Metizport" føredrag m/ Metizport

Framsyningar

Henter programmet

Føredraget er GRATIS, men du må ha billett.

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om Metizport:
Metizport er ein E-sport organisasjon som i løpet av dei siste åra har vakse frå eit "venelag" til ein klubb som no er rangert som topp 30 i verda(!) i Counter Strike. Metizport vart Noregsmeistarar og Svensk meister i CS2 i 2024.
No har dei to lag i CS2 og eit lag i Valorant.

Klubben har base på Sunnmøre, der dei lev og åndar for breidde-E-sport og gamingtilbud for born og unge. Klubben er nemleg ein av veldig få som både satsar på breidde og elite, og trur at for å utvikle talent treng man ein klar veg frå casual gamer til proff.

Om føredraget:
Kva er E-sport, og kva er eigentlig forskjellen på E-sport og gaming?
Korleis er det å drive ein E-sport klubb, og kva skal til for å nå toppen?
Korleis har Metizport gått frå ein "kompisklubb" på Sunnmøre til å spele internasjonalt som eit stort varemerke?
Herman frå Metizport kjem og snakkar om nettopp dette.

Om Herman "TheVillageGamer" Leikanger:
Herman er utdanna musikalartist frå Bårdar Akademiet, og jobbar som konseptutviklar i Metizport. Han har ansvar for sal av sponsorar og å utvikle konsept til partnarar og til kampanjar.
Herman har haldt mange føredrag, og har stått på store scener før, både som dansar under "Stjernekamp" og som skodespelar.
Han er også programleiar i Podcasten "HobbyProblem" som har hatt gjester som Aslak Maurstad og Karsten Warholm.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 11:00-11:45.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.

Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!