Festivalpub - Sogn Musikkdagar 2025

Bilde for Festivalpub

Framsyningar

Henter programmet

Kva kan du forvente?
Velkommen til festivalpub! Sogndal storband og eit utval utsøkte festivalmusikarar serverer rytmar og overraskande samspel. Her vert det høgt trykk som vekslar med vare, fine stemningar. Baren er open frå kl 18.30. Vel møtt til ein triveleg og uformell musikalsk kabaret!

Konserten er ein del av Sogn musikkdagar. Dette er ein musikkfestival med vekt på kammermusikk, men også folkemusikk og jazz. Sogn musikkdagar er eit samarbeid mellom Distriktsmusikarane i Vestland, frivillig musikkliv og Sogn kulturskule.


Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 27. mars kl. 19:00 – 21:00
Billettpris:
Ordinær: kr 250,-
Under 18 år: kr 150,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Møt arrangøren
Sogn musikkdagar vart etablert for fem år sidan som eit samarbeid mellom distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane, frivillig musikkliv og Sogn kulturskule.

Sogn musikkdagar er no etablert som ein frivillig organisasjon. Målet er å arrangere konsertar for eit breitt publikum i regionen vår. Det vert klassisk musikk, folkemusikk og jazz. Publikum vil få høyre verk av ulike komponistar. Unge talent får ein eigen konsert, i tillegg deltek Sogndal songlag og Sogndal storband.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

Bilete for Sogn Musikkdagar 2025