Norsk musikk med Fossegrimen og SOFORK

Bilde for Norsk musikk med Fossegrimen og SOFORK

Framsyningar

Henter programmet

Fossegrimen frå Voss og SOFORK frå Sogn og Fjordane inviterer til konsert med nokre av dei ruvande verka i norsk musikk. Rosinen i pølsa er Edvard Grieg sin A-mollkonsert for klaver og orkester med Frode Skag Storheim som solist. Det vert stor klang og stort alvor i Kjempeviseslåtten av Harald Sæverud. I tillegg spelar dei to orkestera Hyldingsmarsj frå Sigurd Jorsalfar av Edvard Grieg og den kjende Valdres-marsj av Johannes Hanssen.

Dette er første gong Fossegrimen og SOFORK samarbeidar på denne måten. Medlemar frå SOFORK har vore med på Fossegrimen sine konsertar, noko som har inspirert oss til å ta samarbeidet lengre. Det vert difor eit stort orkester som gir seg i kast med desse mektige verka. I tillegg er orkesteret styrka med distriktsmusikarar frå både Voss og Sogn og Fjordane. I spissen for det heile finn vi Dagfinn Rohde, Fossegrimen sin faste dirigent gjennom fleire tiår.

A-mollkonserten har fortent sin plass som eit av dei musikalske landemerka våre. Dei musikalske tema i verketer fylt av norsk natur og store romantiske kjensler. Verket vart urframført i København i 1869, og vart straks ein suksess. Grieg var berre 25 år då han komponerte verket og det er hans einaste klaverkonsert.

Hyldingsmarsj er henta frå Grieg sin orkestersuite Sigurd Jorsalfar som vart komponert i 1872. Verket var skreve til Bjørnstjerne Bjørnson sitt skodespel med same namn.

Kjempeviseslåtten er skreve i 1943 som ein hyllest til heimefronten sine «små og store kjempere» (i Sæverud sine eigne ord). Det musikalske hovudtema i stykket er fylt av kraft og vert gjenteke med stigande intensitet. Musikken skildrar kreftene i motstandskampen og er ein harmdirrande protest mot fienden sine soldatbrakker som han såg under ei reise til Lærdal.

Valdres-marsjen av Johannes Hanssen vart komponert i 190, og er bygd på Valdres-bataljonen sitt kjenningssignal. Komposisjonen har vore mykje brukt sidan, mellom anna i ein revy på Edderkoppen Teater under 2.verdskrigen som ein fordekt protest mot tyskarane.

Frode Skag Storheim (f. 1988 - bilde nedst) er ein entusiastisk pianist og kulturformidlar som har eit særleg engasjement for kunst og musikk frå 1800-talet.

Han er utdanna med master frå Griegakademiet i Bergen, og arbeider til dagleg som lærar ved musikklina på Voss gymnas, samt at han er programskribent for Bergen Filharmoniske Orkester.

I tillegg til dette har han ei utstrekt verksemd som pianist, foredragshaldar og biograf. Han skriv bok om malaren Hans Dahl (1849-1937), og har halde konsertar og foredrag på mellom anna Kodes kunstmuse, Troldhaugen, Siljustøl, Griegsamlinga på Oseana, Nasjonalbiblioteket, Galleri Bygdøy Allé, samt ved ei rekke av destinasjonane til De Historiske Hotell og Spisesteder.

Frode har opptredd på en rekke av landet sine festivalar, som Festspillene i Bergen, Nordland Musikkfestuke og Hardingtonar. Han har vore solist med fleire symfoniorkester, og har medverka på produksjonar hos DNS, Bergen Nasjonale Opera, Sjøforsvarets musikkorps og Bergen Kirkeautunnale.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 16. mars kl. 17:00.
Varigheit: ca 1 time og 30 minutt, inkludert pause på 20 minutt.
Billettprisar:
Ordinær: kr 320,-
Skuleelevar gratis.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).

Bilde av Frode Skag Storheim