Silje Nergaard med band

Framsyningar
Henter programmet
NB! Konserten er i Blaoboxen.
Dørene opnar kl. 19:00.
Konsert frå kl. 20:00.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
På det nye albumet Tomorrow We’ll Figure Out the Rest har Silje komponert ei samling melodiske låtar inspirert av klassiske jazzstandardar. Songar om livet og kjærleiken – universelle tema som vi alle kan kjenne oss igjen i. I 2025 legg ho ut på ein omfattande Europaturné saman med nokre av Noregs fremste jazzmusikarar.
«Dette var popmusikken til foreldra mine, musikken dei song og dansa til. Eg vaks opp med denne musikken, og den blei ei viktig inspirasjonskjelde då eg byrja å skrive mine eigne songar. Jazz har alltid vore grunnlaget for alt eg har skapt, men eg har alltid prøvd å lage mi heilt eiga personlege vri.»
Med dette albumet vender Silje tilbake til jazzen, der alt byrja i 2001 med At First Light, som opna døra til den internasjonale jazzscena. Songane er spelt inn saman med det faste bandet hennar gjennom mange år, i tillegg til Stavanger Symfoniorkester. Arrangementa er skrivne av den amerikanske multi-Grammy-vinnaren Vince Mendoza.
«Eg har ikkje i meg å ta dei enkle og raske løysingane. Eg ønskjer å skape vakre og tidlause innspelingar i dagens flyktige verd og bransje – vi lever i ei tid der ting kjem og går raskt, og like raskt blir gløymde. Difor er det så viktig for meg å halde eit høgt kunstnarisk nivå i alle ledd. Eg ønskjer at songane mine skal vere tidlause, akkurat som songane som har inspirert meg til å skrive mine eigne.»
I tillegg til låtar frå det nye albumet syng Silje sine kjende og vakre klassikarar, som Be Still My Heart, Dance Me Love og Lullaby to Erle. Songar som har fått ein heilt spesiell plass i hjarta til lyttarane hennar over heile verda.
Siljes band, med Helge Lien på piano, Jarle Vespestad på trommer og Finn Guttormsen på bass, har spelt ei viktig rolle gjennom heile hennar musikalske karriere. Dei har reist verda rundt med henne og delteke på mange konsertar og plateinnspelingar. Dei er alle unike instrumentalistar og tilfører musikken hennar noko heilt personleg med si leikenheit, varme og kjensle. Silje beskriv musikarane sine som familie: «Vi kjenner kvarandre så godt og er så samspelte – det er som om vi pustar med same lunga.»
Dette er eit unikt musikalsk samarbeid, der Silje og bandet hennar skaper ei intim og varm jazzstemning. Konsertane er som medisin for hjartet og gjev publikum ei kjensle av at tida står stille eit augeblikk.
Silje Nergaard – vokal
Helge Lien – piano
Jarle Vespestad – trommer
Finn Guttormsen – bass
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 10. april. Dørene opnar kl. 19:00. Konsert frå kl. 20:00.
Billettpris: kr 495,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.