"Norsk manga" føredrag med Hiwar Nheli - SognaCon 2025

Bilde av Hiwar Nheli og ein illustrasjon frå Mantikorens Kongerike

Framsyningar

Henter programmet

Føredraget er GRATIS, men du må ha billett.

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om Hiwar Nheli:
Nheli er forfattar og illustratør av "Mantikorens Kongerike" som kjem ut våren 2025. Han er også mangalærar hjå Bjerkely folkehøyskole. I samarbeid med Outland Forlag held han mangaworkshop oger kursholder. I tillegg har han vore programleiar for Kompisprat podkast.
Du kan besøke heimesida hans her: https://hiwarnheli.com/

Om føredraget:
Kva er det som gjer mangaen så spesiell og unik i teikneserieverda? Mangaen har ein eigen tradisjon utvikla gjennom historia, med eigne metodar og forteljarteknikkar som har gjort det til det populære mediet det er i dag! I føredraget vil Nheli snakke om korleis vi i Noreg kan følgje denne tradisjonen og skape våre eigne "norske manga"!

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 13:10-13:50.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.

Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!