Kulturprat med Bård Ose og Tor Endresen

Framsyningar
Henter programmet
Få billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Før konsertstart på "Beatles møter Stones" vil kvelden starte med ein liten kulturprat i Blaoboxen, der Tor Endresen og Bård Ose intervjuar kvarandre om oppveksta med britisk popmusikk, og tydinga Beatles og Stones har hatt for deira respektive karrierer.
Tor Endresen er Noregs mest allsidige vokalist. Det er ikkje ein sjanger han ikkje fiksar. Men skal han velgje favorittlåtar med hjartet, er valet enkelt: The Beatles! I fleire år har Tor Endresen vist at han er Noregs beste tolkar av songane til John Lennon og Paul McCartney. Dessutan er Tor ein solid låtskrivar, med fleire suverene plateutgivelsar bak seg.
Bård Ose er ein av Noregs mest profilerte og anerkjende programleiarar i radio. I tillegg til sine mange program held han føredrag for fulle hus, og han har gitt ut bøker om alle songane til både The Beatles og The Rolling Stones. I denne samanhengen står han fram som Noregs Mick Jagger, der han syng dei beste Stones-låtane frå 60-tallet.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 4. april, kl. 17:00.
Gratis, MEN du må ha gratisbillett som du får ved å trykke på dato og klokkeslett rett under bilete.