Natur & Helse

Framsyningar
Henter programmet
Velkomen til ein kveld med fokus på bruk av naturen for å betre helsa vår.
Både psykisk og fysisk helse kan betrast ved å nytte seg av naturen i nærområdet vårt. Denne kvelden får du spennande foredrag frå professor Anne Inger Borge, overlege Gro Selås, skogbadguide Bente Øien Hauge og tidlegare friidrettsutøvar Yngvar Andersen, som med sine ulike innfallsvinklar snakkar om relevant bruk av naturen. Velkomen til ein fagleg spennande kveld!
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Måndag 3. februar kl. 18:30.
Varigheit: 3 timar inkludert pause på 45 minuttar.
Billettpris: kr 220,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)