Premierefest: Riv i hjertet - En film om Sondre Justad

Bilde for Premierefest Riv i hjertet

Framsyningar

Henter programmet

Velkomen til premierefest for den herlege musikkdokumentaren om Sondre Justad!

Det vert raud laupar, overraskelsar til dei frammøtte (så lenge lageret rekk) og trekning av flotte premiar i kinosalen (for dei som skal på filmen).



Stad: Vestibylen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 20. oktober kl. 19:30-20:00.

Sjølve filmen byrjar kl. 20:00, og du kan kjøpe billettar til den her.

Om filmen:
RIV I HJERTET følgjer Sondre Justads reise frå guterommet i Henningsvær til å bli ein av Noregs største popartistar. Han byrja å filme seg sjølv allereie som born og gjennom private notatar og opptak, konsertar og festivalar får me ein unik kjennskap til Sondres indre og ytre reise.
Dette er ein heilaftens dokumentarfilm om kjærleik; for vener og familie, til publikum, men mest av alt aksept for seg sjølv.