Riksteatret: Legenden om Narnia - Løven, heksa og klesskapet

Framsyningar
Henter programmet
Av C.S. Lewis. Dramatisert for teater av Hilde Brinchmann.
Eit gammalt klesskap, ei magisk verd, ei iskald forbanning og eit spektakulært slag – bli med til Narnia!
For 75 år sidan skapte C.S. Lewis eit univers fylt av spenning, fantasi og magi. Narnia har sidan den gongen engasjert millionar av born og vaksne over heile verda gjennom bøker, TV-seriar og filmar, og blitt ein av vår tids store klassikarar.
Møt søskena Lucy, Edmund, Susan og Peter når dei oppdagar vegen til eventyrlandet Narnia. Der herskar den onde Heksa Hvit i evig snø og is. Saman med løven Aslan og alle gode krefter tar dei fire borna opp kampen mot det onde.
Når regissør Hilde Brinchmann skal lage teater av Narnia for Riksteatret, lar ho oss oppleve historia gjennom borna sine auge. Brinchmann har hatt stor suksess med «Mio, min Mio» og «Operasjon Teater – Detektivbyrå nr. 2».
Ta med borna, familie og vennar og bli med på ei uforgløymeleg reise til Narnia, kor fantasi og verkelegheit smeltar saman i ei fortryllande teateroppleving!
Premiere i Oslo, Nydalen 6. mars 2025
Turnépremiere i Drammen 11. mars 2025
Framsyningslengde 2 timar (inkludert pause). Tilrådd aldersgrense 6 år.
Med Janne Starup Bønes, Ellen Bendu, Jawad Aziz, Sebastian Legaard Engeland, Albertine Lundgren, Numa Edema Norderhaug, Martin Karelius Østensen m.fl.
Regissør Hilde Brinchmann. Scenograf Signe Gerda Landfald. Kostymedesigner og maskedesigner Helena Andersson. Lysdesigner Martin Flack. Komponist og lyddesigner Eirik Myhr. Lyddesigner Morten Haug Serigstad. Produsent Anita Basmo Bjørnstad og Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Onsdag 9. april kl. 18:00.
Varigheit: 2 timar (inkludert pause).
Aldersgrense: 6 år.
Billettprisar:
Ordinær: kr 310,- (born, vaksne, pensjonistar og studentar).
Venne/Familiepris: kr 252,- (minst 4 personar, pris per stykk).
Samarbeidspartnerar: kr 252,-
Scenekort: kr 251,- (medlemsbevis må kunne visast).
Coop-medlem: kr 251,- (oppgi koden frå Coop).
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)