Riksteatret: Prima Facie

Framsyningar
Henter programmet
Engasjerande, sterkt og rørande! Publikum og kritikarar er einige om at «Prima Facie» frå Riksteatret og Nationaltheatret er vinterens sterkaste teateroppleving.
Få også med deg teaterkafé i Blaoboxen i forkant, og Ettersnakk: Kva no? i Blaoboxen etter framsyninga.
Møt Tessa! Ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.
Ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho møter seg sjølv i døra. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp frå den andre sida av rettssalen.
«En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden (…) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft»
Aftenposten 6
«Vinterens sterkeste teateropplevelse»
Dagsavisen 6
«Skuespillerkunst i særklasse (…) Maria Kristine Hildonen spiller ut en Tessa med kraft og vilje, kynisme og sjarm, alltid med full kontroll (…) Hun er knallgod, punktum»
Adresseavisen 6
«Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke»
NRK 5
Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første øyekast.
Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin seiersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheit til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.
Med Maria Kristine Hildonen og musiker Elisabeth Mørland Nesset. Regi Maren E. Bjørseth. Musikk Sjur Miljeteig.
Sjå trailer, intervju, bakgrunnsartiklar og les meir om «Prima Facie» på Riksteatrets nettsider:
www.riksteatret.no/prima-facie/
Framsyningslengde: 1 time 45 minutt (ingen pause).
Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.
På scenen Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset.
Av Suzie Miller. Oversatt av Agnes Banach, redigert av Elin Grinaker. Regissør Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesignar Norunn Standal. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Koreograf Magnus Myhr. Dramaturg Elin Amundsen Grinaker. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.
Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.
Få også med deg teaterkafé i Blaoboxen i forkant, og Ettersnakk: Kva no? i Blaoboxen etter framsyninga.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 21. mars 2025 kl. 19:00.
Varigheit: 1 time og 45 minuttar (utan pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 450,-
Samarbeidspartnerar: kr 364,-
Gruppe på 10 personar + : kr 364,- per person
Honnør: kr 364,-
Scenekort: kr 350,- (medlemsbevis må kunne visast)
Coop-medlem: kr 350,- (oppgi kode frå Coop)
UNDER30: kr 180 (for alle under 30 år)
Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)