THE MAGIC OF ALEXX ALEXXANDER 2.0

Framsyningar
Henter programmet
Velkomen till ei magisk showoppleving med smak av Las Vegas!
Endeleg er Alexx Alexxander tilbake med nytt show!
Etter stor suksess med 30 fullsatte show i Hollywood i haust, tek han no den spektakulære forestillinga til heile Skandinavia i løpet av 2024 og 2025. Alexx Alexxanders forrige Noregs-turné spelte for fullsatte salar og vart sett av over 150 000 nordmenn. No er han endeleg tilbake!
Ikkje gå glipp av denne unike moglegheita til å oppleve den berømte illusjonisten på nært hald i dette spektakulære showet utan norsk samanlikning.
Alexx Alexxander og hans team opnar dørene til ein magisk kveld med illusjonar og shownummer du aldri har sett maken til. Publikum i alle aldrar over heile Noreg skal forbløffast og fortryllast.
Velkomen til ei magisk showoppleving og ein minnerik kveld du seint vil gløyme.
Alexx Alexxander har som eineste nordmann nokonsinne blitt tildelt den prestisjetunge utmerkinga "Illusionist of the Decade" i underhaldningshovudstaden Las Vegas våren 2022. Han spelar for fulle hus over heile verda, han har opptrådt for kongelege og har stadig show i Los Angeles for dei største stjernene i Hollywood. Alexx Alexxander har blitt ei internasjonal stjerne og du er hermed invitert til å oppleve han på nært hald i ei storslagen showoppleving.
Velkommen til ein helaften fylt med dans, humor, spektakulære illusjonar og showmanship i verdsklasse.
«Det aller beste av magi du ser i hele verden!»
-VG, Norge
«Det är väl värt att applådera!»
-Göteborgs Tidning, Sverige
«One of the world’s finest illusionists!»
-PressPass, Los Angeles
Les meir på: WWW.ALEXX.NO
Sjå smakebitar her!
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 16. januar kl. 19:00 og 20:30.
Varigheit: 90 minutt (utan pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 515,-
Born under 12 år: kr 415,-
Honnør: kr 270,-
Student: kr 270,-
Gruppe 5 personar eller fleire: kr 440,- per person.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).