Gabriels Novgorod

Framsyningar
Henter programmet
Bli med på eit fyrverkeri av ein konsert!
Dørene opnar 18:00, konsert frå kl. 19:00.
Det er på tide at nokon leverar musikken som luktar av solbelyste tømmerveggar og brusar av tjern og myrer. Det er på tide at nokon gir oss musikken frå låge trebyar ved Østersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidas nye lågblokker. Nokon må no kome med den fyrrige musikken som rann ut frå cabaretlokalet, som fløyt opp frå dansebana ved elva, og valsane, verdas vakraste…Gabriels Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!
Gabriels Novgorod består av Gabriel Fliflet (trekkspill, sang), David Chelsom Vogt (fele, sang), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, sang) og Jørgen Sandvik (gitar, sang).
På konsert med Gabriels Novgorod kan du få høyre originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar, nordsvensk swing (med kossakktrinn) og lærerike sangar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt sang. På eit utall språk. Etnisk populærmusikk frå Østersjøområdet frå 1930-, 40-, 50- og -60-talet!
Gabriels Novgorod vart danna i 2003, og har bl.a. spelt på Festspillene i Bergen, Oslo World, NattJazz, Førdefestivalen, VossaJazz, Balkanfest, og Litteratursymposiet i Odda.
Gabriel Fliflet vaks opp omgitt av sanger på svensk, finsk, norsk, tysk og andre språk. Han vart kåra til Årets folkemusiker 2011. Mange kjenner han frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, som sidan 1991 har begeistra både kritikarar og publikum. I denne samenhengen ausar han av sin kjennskap til bl. a. etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland.
David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spelt saman frå dei var små. Best kjend er dei fra bandet Real Ones, som fekk Bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2009 og 2013. Jørgen fekk også Spelemannsprisen for si soloplate i 2018.
Prisbelønte Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapende Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet bl.a. i hans og Jon Fosses verk Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflets bestillingsverk til Vossajazz 2013 - Valseria og hans prosjekter Sanger fra byen og Sevje.
”En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)
”Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)
“Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår. men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.” - Frå leserinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 24. august. Dørene og baren opnar kl 18:00. Konsert frå kl. 19:00.
Billettpris:
Ordinær: kr. 250,-
Student / Ungdom under 18 år: kr. 150,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).