Laurdagsfolk

Framsyningar
Henter programmet
Bli med på kurs i folkemusikk, folkedans og folkesong!
Du kan velja mellom tre kurs leia av framifrå instruktørar. Kursa passar for både unge og gamle, nybyrjarar og vande songarar, dansarar og spelfolk.
Du kan velja mellom desse kursa:
Folkemusikk
Spelkurs med Håkon Høgemo. Det vert fokus på slåttar frå Indre Sogn. Håkon er hardingfelespelar frå Årdal, busett på Osterøy. Han er lærar på Noregs musikkhøgskule, og har vunne både Landskappleiken og vore nominert til og vunne Spellemannsprisen og Folkelarmprisen. Alle instrument er velkomne. Du treng ikkje ha kunnskap om folkemusikk frå før, men du må kunne spela instrumentet ditt godt.
Folkedans
Kurset kjem til å fokusera på parhalling. Det er ein dans med mange variasjonar og som er kjekk å kunne til fest og festivalar. Instruktør er Mari Andrea Ness. Ho er frå Sunnfjord, og A-klassedansar. Du treng ikkje ha dansa før for å vera med på dansekurset.
Folkesong
Instruktør er Kari Malmanger frå Rosendal, busett i Sogndal. Kari syng folkesongar frå Hardanger og Sogn, i tillegg til andre sjangrar. Ho er A-klassekvedar, har gitt ut plate, og jobbar som lærar på Kaupanger. Du treng ikkje å ha erfaring med folkesong frå før for å vera med på kurset.
Ta med drikke og niste, så held du heile dagen!
Spørsmål? Ta kontakt på sognspelogdansarlag@gmail.com.
Stad: Storsalen, Blaoboxen og Bursdagsrommet, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 2. mars kl. 10-14.
Billettpris:
Ordinær:kr 250,-
Under 18/student/medlem i Sogn spel- og dansarlag: kr 150,-
Betaling kontant eller via Vipps.
Påmelding: Fyll ut skjemaet på https://forms.gle/qTjFj6hJ8y8ZR81R8 eller send ein epost til sognspelogdansarlag@gmail.com.
Frist: søndag 25. februar
Kursa vert gjennomført med støtte frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans.