The Real Thing

Bilde av medlemmane av The Real Thing

Framsyningar

Henter programmet

Bli med på ein heftig heilaften i Blaoboxen!

Sidan starten i 1992 har The Real Thing spelt meir enn 1700 konsertar og solgt over 55 000 plater med hardtsvingande, orgelbasert souljazz, inspirert av storheiter som Jimmy Smith, Jack McDuff, George Benson og Wes Montgomery. Bandet som "aldri går av scena i tørr smoking" har opparbeida seg ein solid fanskare også utanfor jazzmeinigheita. Organisten Palle Wagnberg, gitaristen Staffan William-Olsson, saksofonisten Dave Edge og trommeslagaren Hermund Nygård gler seg til å fyre opp hammondorgelet, sjekke at sløyfa er rett og gyve laus på gamalt og nytt repertoar.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 8. november. Dørene opnar kl 18:00, konsert frå 19:00.
Billettprisar:
Ordinær: kr 280,-
Student / Under 18 år: kr 180,-
Open Bar - ID 18 år
Dei under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)