Open Scene i Blaoboxen

Bilde for open scene

Framsyningar

Henter programmet

Vil du vise ein sketsj eller eit trylletriks? Er du heilt rå på sjonglering eller beatboxing? Vil du syngja ein song, eller spele med husbandet?

Kom og bli med i Sogndal si nye leikegrind for det lokale kulturlivet:
Open scene i Blaoboxen!

Ta med familie, kollegaer, naboen og ein ven som likar å opptre.
Og om du ikkje vil på scena, er du velkomen til å sjå på!

Arrangementet har 18-årsgrense, men Sogndal Kulturhus har vergeordning dersom du er under 18 år, men vil framføre noko eller sjå på.

Vil du bli med i husbandet? Send SMS til Hans Mark Svedal, +47 980 06 780.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 16. februar kl. 19:00. Dørene stengjer kl. 22:00.
GRATIS
Open Bar
- ID 18 år
Dei under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med.