UTSOLGT | Karusellskapssyk med Øystein Sunde og Meget i sløyd

Bilde for Karusellskapssyk

Framsyningar

Henter programmet

Førestillinga byrja sitt liv på Chat Noir hausten 2021 til 5’arar på terningane:

Aftenposten: "Moden visekunstner på nye veier!"
Nettavisen: "Mester i sin egen sjanger!"
Dagsavisen: "50 års suksess og like blid!"

Etter Chat Noir-perioden har det kome nye songer seglande, får me vite, og visesongaren er tydeleg oppstemd og selskapssjuk i anledning det nye stoffet.

Det vert skråblikk på alt me driv med til dagleg, nokre gjenhøyr med songer og historiar frå eit langt liv på scena og i studio. Og sjølvsagt eit nytt kapittel i «Soga om Harald Jordfreser».

Øystein Sundes solokarriere byrja på Dolphins viseklubb i Grensen 18 i Oslo i 1966. "Det var en klubb full av entusiastiske nybegynnere i slutten av ten-årene. Du fikk sitte på en barkrakk og synge tre sanger, og så var det nestemann opp", sier Sunde om denne tida. Etter fire år på krakken, kom den første plata, og det tok for alvor fyr i karria.

I dag kan Sunde sjå tilbake på ei meir enn 50 år lang historie full av plateutgivelsar, showsuksessar, TV-produksjonar og samarbeid med dei beste i norsk showbizz -Ingrid Bjørnov, Gitarkameratene, Halvdan Sivertsen, Eldar Vågan, Dizzie Tunes & Grethe Kausland, Hege Schøyen og Vazelina Bilopphøggers - for å nemne nokre.

Velkomen til ei ny forestilling med Øystein Sunde!

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Onsdag 18. september kl. 19:00.
Varigheit: 90 minuttar (utan pause).
Billettpris: kr 595,-
(Ingen aldersgrense)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).

Plakat for Karusellskapssyk