Teater Vestland: Skjønnheita og udyret

Bilde for Skjønnheita og udyret

Framsyningar

Henter programmet

Teater Vestland presenterer Skjønnheita og Udyret.

Opplev magien i Skjønnheita og Udyret, ei framsyning som vil treffe deg i hjartet. Teater Vestland presenterer ei unik tolking av den tidlause kjærleikshistoria, skreddarsydd for barn som elskar spenning og fantasi.

Med styrke og mot går Skjønnheita med på å leve saman med Udyret, eit skremmande beist. Det som vidare skjer er så mykje meir enn eit eventyr, det er ei reise fylt med sjarm, latter og hjartevarme augneblinkar.

Med fargerike kostyme, imponerande scenografi og gripande musikk vil Skjønnheita og Udyret fange fantasien din og inspirere deg til å tru på magi. Vi garanterer deg ei uforgløymeleg framsyning for heile familien, med historieforteljing på høgt nivå og ein uventa slutt.

Lat deg rive med av krafta i kjærleiken og verdien av å sjå forbi det ytre. For ein kan berre sjå rett med hjartet. Det mest vesentlege er usynleg for auget.

KUNSTNARLEG LAG:
Regissør Elisabeth Topp
Medverkande Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen med fleire.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Torsdag 28. november 2024 kl 18:00.
Varigheit: 1 time og 30 minuttar utan pause.
Billettprisar:
Ordinær: kr 300,-
Honnør: kr 270,-
UNG (frå 13 tom 25 år): kr 150,-
BOB medlem: kr 240,-
Teaterven: kr 240,-
Teaterven UNG: 240,-
Scenekort: kr 240,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).