Carte Blanche: "But Then, We'll Disappear (I'd Prefer Not To)"

Bilde for Carte Blanche si framsyning.

Framsyningar

Henter programmet

Endeleg tilbake i Sogndal: Noregs nasjonale kompani for samtidsdans!

I førestillinga But Then We’ll Disappear (I’d Prefer Not To) står møtet mellom menneska sentralt. Korleis me møter andre – og kor vanskeleg det kan vera å finne sin plass i felleskapet. Spørsmål rundt individet, “eg”, og dets plass i gruppa, “me”, vert utforska.

Dansarane står allereie på scena når salen vert fyllt med publikum. Dei bevegar seg, tilsynelatande upåvirka av kva som skjer rundt dei. Kostymedesignet gjer at kvar dansar skil seg ut i mengda. Med eit er koreografien i gong, og dans og musikk fyller scenerommet.

Dansen og bevegelsane vert meir intens, i takt med musikken som strøymer ut og legg seg som eit teppe over det som skjer på scenegolvet. Handlingar som aldri vert fullført, brot og repetisjonar som rykkjer i kroppane. Som om dei dansar til strofar av sangar berre dei hører.

Scena ommøblerast gradvis ved bruk av lys, lyd, kostyme og scenografi. Koreografien endrar karakter. Teppet rullast ut, dansarane samlast i sofaen, og mikrofonen kjem på.

Kanadiske Frédérick Gravel tenkjer filmatisk og musikalsk i sine koreografiar, og er kjend for å snu opp ned på strukturane i koreografien. Han ser på ein koreografisk idé som ein melodi, og arbeida kan samanliknast med å lage ein konsert der han komponerar linjer som dansarane framfører med si eiga stemme, i deira eigen toneart. For Gravel vert førestillinga først skapt i møte mellom menneska, og scena vert ein arena for eit kunstnerisk og sosialt eksperiment der karakterar byggjes og viskast ut.

Bak tittelen But Then, We’ll Disappear (I’d Prefer Not To) skjuler det seg eit ynskje om å framheve individets rolle i ei motsetningsfull verd der skuldkjensle og feiring er to sider av same sak i eit håp om at alt har ein plan.

"Carte Blanche’ nye danseforestilling er velkomponert, innbydende og utsøkt." - Grethe Melby, Bergens Tidende.

«But Then, We’ll Disappear (I’d Prefer Not To)» handler om å finne tilbake til seg selv, for så kjempe for å ikke forsvinne. Det er like morsomt og fascinerende som det er sant og vakkert." - Mode Steinkjer, Dagsavisen.

Det vert etterprat i vestibylen etter framsyninga.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Tysdag 9. april kl. 19:00.
Varigheit: cirka 1 time og 10 minutt + etterprat i vestiylen i etterkant.
Billettprisar:
Ordinær: kr 380,-
Honnør: kr 300,-
Familie/gruppe pris for 4 personar + : kr 300,-
Alle under 30 år: kr 200,- (gyldig bevis må kunne visast)

KOREOGRAFI OG LYSDESIGN:
Frédérick Gravel

MUSIKK:
Philippe Brault

KOSTYMEDESIGN:
Indrani Balgobin

KOREOGRAFIASSISTENT:
Jamie Wright

DANSARAR:
Caroline Eckly, Noam Eidelman Shatil, Nadege Kubwayo, Dawid Lorenc, Adrian Bartczak, Aslak Aune Nygård, Ole Martin Meland, Brecht Bovijn, Gaspard Schmitt, Naomi Schouten, Ihsaan de Banya, Mai Lisa Guinoo, Manon Campion, Irene Vesterhus Theisen

ORIGINALLÅTER AV:
Frédérick Gravel

EN SAMPRODUKSJON MED:
Festspillene i Bergen 2021

ORIGINALBESETNING:
Ole Martin Meland, Mathias Stoltenberg, Caroline Eckly, Adrian Bartczak, Dawid Lorenc, Max Makowski, Aslak Aune Nygård, Noam Eidelman Shatil, Nadege Kubwayo, Timothy Bartlett, Anne Lise Rønne, Vilja Kwasny, Mai Lisa Guinoo

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).