Riksteatret: Fantorangen på teater

Framsyningar
Henter programmet
Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscena!
Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg? Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Mauroras teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel ...?
Fantorangen har gleda barn gjennom NRK Super i 17 år. Fantorangen er ein evig 3-åring, ein notorisk optimist med stor tru på seg sjølv og på at det meste går bra. I «Fantorangen på teater» får barna møte Fantorangen og vennane på ordentleg, dei må løyse mysterium saman, og synge kjente og nye songar.
«Fantorangen på teater» er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK. Framsyninga skal på turné med Riksteatret for å glede barn over heile landet. Framsyningslengde: 45minutt (ingen pause).
Med Marte Stolp, Jonas Andersen Sandvik, Irene Nessa Bjørnevik og Maia Lohre Køhn.
Av Marianne Sævig. Basert på NRKs tv-serie «Fantorangens verden». Regissør Bård Bjørknes. Dramatikar og dramaturg Marianne Sævig. Scenograf og dokkedesignar Christina Lovery. Lysdesignar Rolf Christian Egseth. Komponist John Vinge. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Dokkemakar Ella Honeyman-Novotny. Dokkemakar Anna Katarina Granberg. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Oslo Nye Teater i samarbeid med Riksteatret og NRK.
Sjå digitalt program her!
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 31. august kl. 18:00
Varigheit: ca 40 minutt (utan pause)
Billettprisar:
Ordinær (born, student, vaksne og honnør): kr 285,-
Coop-medlem: kr 231,-
Gruppe/Familiepris 4+ personar: kr 232,- (minimum 4 peronar, pris per person)
Samarbeidspartner: kr 232,-
Scenekort: kr 231,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).