Krig og pandemi i Europa med Roger Sevrin Bruland

Bilde av Roger Sevrin Bruland

Framsyningar

Henter programmet

NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland kjem til Biblioteket.
Han vil fortelja om kvardagen som Berlin-korrespondent i ei særs utfordrande tid.
Arrangementet er i samarbeid med Folkeakademiet Sogn og fjordane.

Med NRK-mikrofonen tett til brystet, i uver og flyalarmar og med flammande nynorsk, har vi fått innblikk i gode og særs utfordrande tilstandar i Mellom- og Aust-Europa. Roger Sevrin Bruland er frå Utvik i Stryn og har dei siste 15 åra arbeidd for NRK. Han er tidlegare Berlin-korrespondent og har det siste året mellom anna gitt oss nyhende frå Ukraina. No kjem han på turne med eit foredrag om kvardagen som Berlin-korrespondent, og korleis han med sine erfaringar kan gje eit bilete av Europa i dag.