Engegårdkvartetten

Framsyningar
Henter programmet
Engegårdkvartetten (Arvid Engegård - fiolin, Laura Custodio Sabas - fiolin, Juliet Jopling - bratsj, Jan Clemens Carlsen - cello) vart til under midnattssola i Lofoten i 2006 og vart raskt eit av Noregs mest ettertrakta ensembler.
Kvartetten har ein travel konsertplan og opptrer på nokre av Europas finaste arenaer, blant anna på Salzburgs Mozarteum og Prahas Rudolfinum, og sist på turné i Sør-Amerika. Festivalopptredener inkluderar Delft Kammermusikkfestival, SoNoRo Festival og Heidelbergs Streichquartettfest, og dei er glade for å ha opplevd samspel med, blant andre, Sir András Schiff, Leif Ove Andsnes og Christian Ihle Hadland.
Medlemmane er djupt involverte i å fremje kammermusikk i Noreg, med djupe forbindelsar til Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest, Oslo Quartet Series og sin eigen festival, "på 123". Engegård Quartet vert støtta av Norsk Kulturråd.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Torsdag 09. november. Dørene og baren opnar kl 18:00. Konsert frå kl. 19:00.
Billettpris:
Ordinær: kr. 250,-
Student / Ungdom under 18 år: kr 150,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).