Boklansering: "Harastølen" av Oddrun Midtbø

Bilde av boka Harastølen med tekst; Boklansering: Harastølen med forfattar Oddrun Midtbø, tysdag 17. august kl. 18:00

Framsyningar

Henter programmet

Torsdag 17. august kl. 18 lanserast boka “Harastølen” på Sogndal bibliotek. Forfattar Oddrun Midtbø tek oss med inn i den lange og mangfaldige historia.

Det store spørsmålet er kvifor eit så gigantisk byggverk som Harastølen er, vart plassert på ei isolert fjellhylle lengst inn i Sognefjorden. Harastølen har i over 90 år vore ein heim for menneske som var utstøytte frå samfunnet. Forfattaren fortel historia til Harastølen gjennom dei som levde liva sine der. Framleis er det håp om at folk på nytt kan sjekka inn – som gjester på Harastølen Hotel.

Oddrun Midtbø er lustring og har i alle år hatt Harastølen med seg. Og no er boka klar, etter mange år med arbeid.

Det vert moglegheit for å kjøpe boka og få ein signatur frå forfattaren sjølv!

Velkomne!

Stad: Sogndal bibliotek
Dato og tid: Torsdag 17. august kl. 18:00.
Gratis.