UTSOLGT || Vamp - "Tiå det tar"

Framsyningar
Henter programmet
UTSOLGT!
NB! Konserten er den 19. november.
I godt og vel tre tiår har dei levert. Hundrevis av sangar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, myter og skrømt, ærligheit og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela.
Dei har oppnådd massevis av heider og ære, bl.a 5 Spellemannsprisar,Prøysenprisen og Medaasprisen . Dei har gitt ut 18 album og solgt over ein million plater.
Deira siste utgivelse "Tiå det tar" fikk gjennomgåande strålande kritikkar og høge terningkast frå anmelderane og nokre meinte også at dette er Vamps beste utgivelse so langt.
Katalogen er full av kjende og kjære sangar som dei ausar av på konsertane sine.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 19. november kl. 18:00
Varigheit: cirka 90 minuttar
Billettpris: 550 kr
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).