Trio Vest

Bilde for Trio Vest

Framsyningar

Henter programmet

Trio Vest presenterer den siste av fem konsertar på sin turné med prosjektet "Duo på Norsk".

Trioen består av Roger Andreas Holme, Marita Elise Holme og Mathias Matland, og har som mål å presentere ny, norsk musikk for saxofon, klarinett og slagverk. Det vert variert og flott musikk av mellom andre Svein Henrik Giske, Kjetil Djønne, Torstein Aagaard-Nilsen, m.fl, så her er det noko for ein kvar smak.

Turnéen er støtta av kulturrådet.

Roger Andreas Holme
Roger er frå sørstranda i Gloppen, og fullførte sin mastergrad i utøvande saxofon ved Griegakademiet i Bergen våren 2021. Roger har også studert i Frankrike med lærarar frå konservatoriet i Paris. Til dagleg jobbar Roger som frilans musiker i fleire av landets forsvarskorps og orkester. I 2023 var Roger solist i verket "Catch me if you can" i Bergen Filharmoniske Orkester.

Marita Elise Holme
Marita Elise er også frå sørstranda i Gloppen, og fullførte sine studier i utøvande klarinett ved Griegakademiet i Bergen i 2016. I januar 2019 fekk ho fast jobb i Sjøforsvarets Musikkorps i Bergen, etter å ha jobba frilans i fleire år. I tillegg til jobben i Forsvarets Musikk vert ho ofte brukt i orkester rundt omkring.

Mathias Matland
Mathias er ein klassisk slagverker frå Bergen. Han har studert ved Griegakademiet, med fullført master i utøvande musikk våren 2020. I tillegg har han studert ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København.

Mathias jobbar hovudsakleg som frilansmusiker i forskjellige orkester og forsvarskorps rundt om i Noreg. Blant anna har han hatt eit halvtårsvikariat som paukist i Kringkastingsorkestret. Mathias jobbar også med mindre ensembler, og er med på fleire kammermusikkprosjekt i Bergen.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Søndag 10. september kl. 16:00.
Billettpris:
Ordinær: kr. 150,-
Student / Ungdom under 18 år: kr 100,-
Kulturskuleelevar: gratis

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).