“Livsnyterhagen” med Anders Røyneberg (@arcticgardener)

Bilde av Anders Røyneberg og Erik Schjerven

Framsyningar

Henter programmet

NB! Arrangementet er gratis hjå Biblioteket. Du treng ikkje billett.

(Foto: Astrid Waller)

Torsdag 13. april kl. 18 blir det nytt besøk av gutta bak Instagram-kontoen @arcticgardener. Denne gongen med fokus på hagen og uterommet. Arrangementet er i samarbeid med Sogndal hagelag.

Hageprofil Anders Røyneberg aka @articgardener på instagram, er ute med ny bok om hageplantar. Sist han var i Sogndal var det stappfullt og me gler oss til ein ny grøn aften.

I boka Livsnyterhagen – som dette heilt nye foredraget baserer seg på – blir me med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige, unike og vakre hage på Hadeland. Foredraget er spekka med gode idear og praktiske tips til inspirerande hageprosjekt som er enkle å gjennomføre.

Denne aprilkvelden har du moglegheit til å bli betre kjent med gutta, få deira beste tips til korleis du kan lykkast i uterommet, hente masse inspirasjon til årets grøne prosjekt no som våren nærmar seg.

* Gode balkong- og hagetips
* Inspirerande ideer til krukker og bedd
* Praktiske råd for å lykkast med uterommet
* Trekking av grøn premie
* Moglegheit til å stille Anders og Erik spørsmål
* Kjøp den nyaste boka, Livsnyterhagen, signert

Om draumen er din eigen grønne oase, utan timevis med innsats, så er dette foredraget for deg! Uansett storleiken på balkongen eller hagen din, er målet til Anders Røyneberg å inspirere deg til å lage ditt eige grøne pusterom.


Om foredragshaldarane:

Anders Røyneberg er fødd på Jæren, oppvaksen i Østfold og bur no på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider han som terapeut, skribent og foredragshaldar.

Erik Schjerven er frå Oppland og er utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og arbeider til dagleg som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei skreve bøkene Plantelykke og Plantebonanza, som begge er bestseljarar i Noreg. Våren 2023 kom den fyrste hageboka, Livsnyterhagen, som dette foredraget er henta frå.

Det vil bli utdeling av ein grøn giveaway til ein heldig publikummar!

Velkomen!

Stad: Biblioteket, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 13. april kl. 18:00.
Billettpris: Gratis.