Stand Up Martin Lepperød & Ole Soo

Framsyningar
Henter programmet
Martin Lepperød er fødd med morosame bein og har ein energi og ein humor som gjer at du alltid vil sjå meir av han. Du kjenner han frå bl.a. «Kongen Befaler», «Senkveld» «Bislett bnb» og «Latter Live» på TV. Du har garantert også høyrt Martin på «P3 morgen», «Dynga» og «Lørdagsrådet». Etter fleire år med stor suksess på stand-up scena kan me fra mars sjå hans fyrste soloshow «Kakkerlakk» som han skal ut på Noregsturnè med. Ein kveld med Martins positive energi og sjølvutleverande humor vil by på god stemning og mykje moro!
Ole Soo har fått folk til å le på stand-up scener over heile landet i godt over ti år. No om dagen er han aktuell med «Bordtenniskameratene» og sitt eige «KOMIKER» på VGTV, samt podcasten «Enkel Servering». På scena byr denne hysterisk morosame bergenseren på mykje latter med sin ærlege, observante og hardtslåande humor som fengjer dei aller fleste!
Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen.
Dato: Torsdag 16. februar.
Tid: kl. 19:00
Varigheit: ca. 80 minutt.
Billettpris:
Ordinær kr. 395,-
Student kr 299,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Følgjekort? Du kan kjøpa billettar på Kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)
Rullestol? Me anbefalar å kjøpa billettar på rad 5 for rullesolbrukarar. Har reservert nokre seter til dette, så ta kontakt med kiosken.