Signe Førre

Signe Førre som held ein kontrabass.

Framsyningar

Henter programmet

Signe Førre Kvartett i Blaoboxen.

Komponisten, vokalisten og kontrabassisten Signe Førre er eit ganske nytt og spennande namn. Me gler oss til å presentere ho og hennar svært dyktige musikarar for dykk.

Signe er i ferd med å stake ut ei veldig interessant og lovande musikalsk karriere. Med seg på vegen har ho eit flott band med etterspurde musikarar med bakgrunn frå ei lang rekkje med band/artistar; The Real Ones, Sigrid Moldestad, Vamp, Ole Paus, Anne Grethe Preus, Karl Seglem, Bjørn Eidsvåg, Kvarts, Nils Økland for å nemne nokre få.

Signe Førre vart i 2019 utfordra til å laga bestillingsverk til det unike Finnesloftet på Voss, ei utfordring ho tok på strak arm. Med materiale frå m.a. Noreg, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og med sterke inspirasjonar frå musikktradisjonane derfrå, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tek oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Her vert jazz og folkemusikk smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement, der Signe syng på både serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m.

Besetning;
Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarer
Jo Asgeir Lie – trekkspill
Kåre Opheim – trommer, perkusjon


Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Måndag 13. mars. Dørene og baren opnar kl. 18:00. Konserten kl. 19:00.
Billettpris;
Ordinær: kr. 250,-
Student / under 18 år: kr 180,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Du kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.

Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)