Jazzkveld med Mort Benny og Baker Hansen

Framsyningar
Henter programmet
Jazzkveld på Kulturhuset.
Vi ynskjer deg velkomen til ein kveld med god musikk og open bar. Her får du masse kvalitetsmusikk for pengane, med 2 band for prisen av 1!
Mort Benny
Jomar J. Søvik - trommer
Martin S. Haukedal - gitar
Joachim M. Meyer - bass
Oskar G. Lindberget - saksofon
Dei fragmenterte musikalske straumane til låtskrivar Martin og dei øvrige medlemma utgjer til saman Mort Benny.
Det er ein musikk som er inderleg og søkande, eit materiale som groovar hardt og er vakkert, tidvis melankolsk. Vi søker saman for å skape unike musikalske rom og ta plass i desse. Det inneber ofte at kontrasterande musikalske idéar får eksistere saman, samstundes som vi byggjer kvarandre opp musikalsk. Materialet og titlane komplimenterer kvarandre og set ord på konkrete menneskelege kjensler.
Bandet har ein sterk tilknytning til Sogn med bandleiar og låtskrivar Martin S. Haukedal som er oppvaksen på Kaupanger.
Mort Benny på Facebook
Mort Benny på Soundcloud
Baker Hansen
Sigurd Rotvik Tunestveit - song og gjendiktingar
Erling Skorpen - trompet
Tore Flatjord - trommer
Kjetil Jerve - piano
Stian Andreas Egeland Andersen - kontrabass
Chet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen. Men korleis let forteljingane på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjende, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gitt ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).
“Ein sikker scenesuksess” - Roald Helgheim, Dagsavisen
“Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne” - Tor Hammerø, Side2
“Baker Hansen hyller Chet Baker på nydelig vis” - Audun Vinger, D2
“En liten perle” - Lytterom NRK P2
Baker Hansen på web
Baker Hansen på Facebook
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 11. februar. Dørene og baren opnar kl. 18:00. Konserten kl. 19:00.
Billettpris:
Ordinær: kr. 280,-
Student / under 18 år: kr 180,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Følgjekort? Du kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)