Erik Mogeno - Livet med dukker

Framsyningar
Henter programmet
Alle menneske drøymer om å bli noko. Nokon vil bli profesjonell fotballspelar, nokon vil bli lege, nokon vil bli verdsberømt artist. Erik ville bli Buktalar!
Ein smal, snever og gamal kunstform som er veldig populær i statane, men som me i Noreg ikkje har sett so mykje til. Før no!
«Livet med dukker» er ei framsyning du ikkje har sett maken til. I 75 minuttar tek Erik dykk med inn i eit univers der det meste kan snakke, det meste kan leve og i tillegg er det hysterisk morosamt. De vert kjende med den spydige og jentegale kanina Kalle. Erik sin sure og alltid negative gamle bestefar Kjell. Totningen Alf. Den snusfornuftige allergikaren Herman Andre og den nevrotiske rotta Geir. I tillegg til fleire heilt nye karakterar.
«Livet med dukker» handlar rett og slett om det tittelen seier. Korleis det er å vakse opp på ein liten plass, og ha ei so pass sær interesse, som no har blitt til noko stort.
Erik Mogeno vart kjend i 2010 etter å ha sikra seg finaleplass i Norske Talenter på Tv2. Etter dette tok han underholdninga som eit levebrød og har reist landet rundt med sine show. Han har gjennomført meir enn 2500 førestillingar. Dei to siste åra har han og dokkene hans gjort det stort i sosiale medier, og fleire av hans videoer har gått viralt på Tik Tok, YouTube og Facebook, og har per i dag over 20 millioner visninger.
Det er sjeldan det vert laga førestillingar som 3 generasjonar kan gå saman på og ha like mykje glede av. Men dette har vore Erik sitt mål sidan han byrja å skrive dette showet i starten av 2021. So ta med deg born, borneborn, besteforeldre eller vennegjengen og gjer deg klar til å bli underhaldt av Erik Mogeno og hans artige karakterar.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato: Tysdag 17. oktober
Tid: Kl. 18:00
Varigheit: ca 75 minutt (uten pause)
Billettpris:
Ordinær kr. 320,-
Born under 12 år kr. 220,-
Aldersgrense: Anbefalt frå 6 år og oppover
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - fredag kl. 17:30 - 20:00, laurdag - søndag kl. 15:30 - 20:00. Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Ynskjer du som firma/bedrift/organisasjon å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Følgjekort? Du kan reservera billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. (merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).