Dyrene i Hakkebakkeskogen

Framsyningar
Henter programmet
Førestilling for heile familien i Storsalen!
NB! Kun få billettar igjen. Hugs at dersom bornet vil sitje på fanget, so kan du kjøpe 2 bilettar som ikkje er ved sidan av kvarandre.
70 ÅRS JUBILEUM!
No kjem Klatremus og alle vennene hans til oss!
Vel, alle er kanskje ikkje venner sånn med ein gong.
Mikkel Rev er nok mest svolten han, men det vil Morten Skogmus gjera noko med. Bestemor skogmus flyr mellom trera og Baker gutten bakar pepperkaker så pepperskya står. Bjørnar og stabbursmus, pinnsvin og Harepus, rev og Klatremus; dei er kanskje ikkje einige om alt mogleg, men alle er med når dei må redda Brumlemann frå å bli selt til sirkus!
Bli med du også. I år fyller Bamsefar heile 70 år! Hipp hipp HURRA!!
Passar for barn frå 3 år og oppover.
Alive produksjoner og Victoria Productions er stolte og glade over å kunne presentere 70 års jubileumet til Thorbjørn Egners tradisjonsrike mesterverk, Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen i full produksjon.
Framsyninga var opprninneleg sett opp onsdag 30. mars 2022, men er blitt flytta til tysdag 21. februar 2023! Alle kjøpte billettar er flytta og gyldige på ny dato!
Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen
Dato: Tysdag 21. februar 2023
Tid: kl. 18:30
Varigheit: ca. 1 time og 45 minutt inkl. pause på 15 minutt.
Billettpris: Kr. 315,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Følgjekort? Du kan kjøpa billettar på Kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)
Rullestol? Me anbefalar å kjøpa billettar på rad 5 for rullesolbrukarar. Har reservert nokre seter til dette, så ta kontakt med kiosken.