Kunstutstilling: Anne-Gry Løland

Bilde for Kunstutstilling: Anne-Gry Løland

Kunstutstilling i Galleriet, 2. etg.

Sogndal Kunstlag er glade for å presentere utstillinga
"Det vakre i det uperfekte" med kunstnar Anne-Gry Løland, i samarbeid med Sogndal Kulturhus.

Veldig kort om kunstnaren:
Anne-Gry Løland er ein etablert og prisvinnande kunstnar frå Sogn med bakgrunn frå Kunsthøgskulen i Bergen, der ho har master i kunst og bachelor i tekstil. Ho har sidan debuten hatt ei rekkje separatutstillingar ved blant anna Kunstnerforbundet i Oslo, Haugesund Billedgalleri og Galleri Soft, samt delteke på ei lang rekke nasjonale og internasjonale gruppeutstillingar – frå Høstutstillingen og Nordenfjeldske kunstindustrimuseum til triennalar i Polen, Tyrkia og Tyskland.

Løland har fått fleire utsmykkingsoppdrag, blant anna for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Hatlane skole i Ålesund og Voss vidaregåande skule. Ho har òg hatt fleire kunstopphald, både i Paris og på Svalbard, og er innkjøpt av Nasjonalmuseet, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum og Vestlandske kunstindustrimuseum.

For sitt arbeid har ho motteke Debutantprisen på Høstutstillingen og gullmedalje ved den internasjonale triennalen for tekstilkunst i Łódź, Polen.

Kunstnaren fortel:

Eg er opptatt av det forgjengelige, det som forsvinn, og av å få fram eit skjørt uttrykk der ein kan få inntrykk av at tekstilen går i oppløysning. Restane som gir ei forvandling.

"Bygge opp - rive ned - bygge opp - rive ned…" har vore stikkord for å få fram forholdet mellom dekonstruksjon og rekonstruksjon, der eg bryter ned for å skapa noko nytt.

Eit sitat frå Kerstins Ekmans bok ”Gjør meg levende igjen” fortel om noko av det som eg er opptatt av:

”Sylva pleier å si at den myke historien smuldrer bort uten spor. Tøy smuldrer. Det forsvinner som kjøtt. Til slutt er det bare knoklene igjen av en sivilsasjon. Karosseriet. Sverd finner man. Kanonrør. Men varmen er borte. Det pyntlege. Den skjønnheten som framstilles med myk kunstferdighet.”


I arbeida mine har eg ynskja å få fram fleire lag i eitt fysisk lag. Den fysiske tekstilen som står att, kan virka tilfeldig og ustyrlig, mens skugge på vegg er konkret, tydleg og skapar rom og djupn i arbeida.


Teknikk/materiale: Utgangspunktet er trykk på tekstil. Så fjernar eg deler av dette, ved hjelp

av ein utbrenningsteknikk, også kalt devore.

Stad: Galleriet i 2. etg, Sogndal Kulturhus.
Tid og dato:
Opning søndag 5. oktober kl. 13:00.
Ellers ope laurdagar og søndagar frå kl. 16:00-20:00 fram til 2. november.

Arrangørar: Sogndal Kunstlag, i samarbeid med Sogndal Kulturhus.

AnneGryLoland2
AnneGrete3